Gunnhild Øyehaug

Gunnhild Øyehaug er fødd i 1975, oppvaksen i Ørsta,
busett i Bergen. Ho er utdanna cand.philol. og er
lærar ved Skrivekunstakademiet i Hordaland.
Ho debuterte i 1998 med ei diktsamling, og har
sidan skrive fleire novellesamlingar, romanar
og essaysamlingar.
Ho har også skrive manus til ein langfilm
og ein kortfilm, og fått Sultprisen og Doblougprisen
for forfattarskapen sin. Øyehaug er omsett til fleire språk.
I 2018 vart den amerikanske utgåva av romanen
Vente, blinke nominert til National Book Award, ein
av dei mest prestisjetunge litterære prisane i USA, og
i 2022 vart Present Tense Machine nominert til
The Barrios Prize in Translation Prize av the
National Book Critics Circle. Siste utgjeving er
Gunnhild, kona til Eirik Blodøks (Kolon, 2023),
eit teaterstykke.

>